Ressursar

IT307 Webtenester - Digital kommunikasjon er utvikla ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Modulen er eitt av tre modular i eit etterutdanningskurs som har som siktemål å heve den digitale kompetansen til lærarar ved dei vidaregåande skulane i fylket. Skuleåret 2009/10 har tre skular i Sunnfjord vore gjennom denne modulen: Øyrane vgs, Mo og jølster vgs og Hafstad vgs. Mange av kursdeltakarane har etterspurt ei oversikt over presentasjonar og ressursar dei fekk kjennskap til gjennom modulen; her er ei oversikt. Det kan godt vere andre og vil ha glede av ressursane. 
I modulen har vi vore gjennom tre hovudtema på tre dagssamlingar. Første samling handla om fagnettverk, andre samling om informasjonskompetanse og tredje samling tok for seg pedagogisk bruk av sosiale medier. Nedanfor finn de presentasjonar frå samlingane og lenkjer til arbeidskrava og vurderingsmatriser. Med helsing Carl og Albertine. Twitter: albaab

1. Samling: Fagnettverk på Internet

2. Samling: Kjelder, søk og samarbeid

3. Samling: Pedagogisk bruk av sosiale medier